fredag 30. desember 2011

DET NÆRMAR SEG

Ja, det nærmar seg jo litt meir for kvar dag som går no. Ikveld har eg solgt fyrverkeri på Rema 1000, og det same skal eg gjer frå sju til fire imorgon, kjekt med litt andre oppgåver enn berre dei vanlege innimellom :) Så er me invitert på middag til nokre vener imorgonkveld, på sjølvaste nyttårsafta, det gler eg meg til. Har allereie handla inn champagne og stjerneskudd pluss at kjolen heng klar i skåpet. 

På sundag har eg ikkje noko særleg planar, det vert den siste kviledagen vår på ei stund så me tenkjer og ta det heilt med ro igrunn. Lade opp. Neste veke blir rimelig hekstisk tippar eg, mykje att og fram mellom leilegheita og HUSEEEET!!!!!!!!!! huset. Det er jo rart å tenke på at neste veke er den siste veka me bur her, for me er jo faktisk utruleg glade i heile denne plassen, både leilegheita, naboar og nærområdet. Så sundag blir liksom den siste dagen me bare kan vera her, kosa oss og slappa av, så den skal me nyte.


Legg ved eit par bilete av den nydeleg, fine leilegheita vår. Me fiksa den jo så fint opp før visninga, skulle ønska me hadde gjort det for lenge sidan. Samtidig er det jo litt merkeleg å bu her med bare ca 40% av dei personlege eigedelane våre då. Ingen bøker, filmar, nintendoar eller andre dupedittar, berre det mest nødvendige er igjen. Tenk så mykje unødvendig ein eigentleg har? Det har me faktisk tenkt litt på den siste tida. Alt det me kjøper og samlar opp av ting og tang, som me eigentleg ikkje brukar. Det står liksom berre her. Og no har me eit heilt hus å fylla opp. Best å tenkja over kva ein kjøper, og huske å kaste ting undervegs, note to self!

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar