søndag 25. desember 2011

1. JULEDAG

God morgon! Då var julafta over for denne gong, eg fekk så himla mykje fint, eg har nesten ikkje ord. Min familie kan jo det med å ta av på julafta, ingen tvil om det :)

Me hadde ein kjempeflott dag og kveld igår, fekk med alt det me plar gjera og det kjens godt. Det er viktig å besøka onkelen min som har bursdag, gå i kyrkja for så og deretter besøka mine besteforeldre på grava, det er alltid så fint tykjer eg. Så bar det heim for å byrje på middagen, pinnekjøt står på menyen her i huset og i år, for fyrste gong, så åt faktisk fire av fem stykk den same retten. Idag vert det restar.

Me fekk jo så himla mykje fint til huset og, nokre små og nokre litt større ting. Både frokostglass, eit kjempeflott skilt, vaffeljern, ein liten miksmaster, tidenes BESTE pledd osb. Thomas har slått på stortromma i år, og har kjøpt ei lysekrone til spisestua vår. For-ein-mann seier eg berre. Den var nydeleg. Me har jo sett på nokre lysekroner no i det siste, og snakka litt om at det kunne vore fint, men så hadde han altså kjøpt ei og :)

Den største gaven i år, var uten tvil ei varmepumpe, tenk at me fekk det. Det er ein jule-/innflyttingsgåve frå min familie. Me skal iallefall ikkje fryse når me kjem i nytt hus, det skal vera sikkert. Det er så mange som har sagt til meg at det må vera det fyrste me gjer, kjøpa oss ei varmepumpe. Men me har jo så mykje anna me skal til med, så me hadde i utgongspunktet tenkt til å berre fryse litt denne fyrste vinteren, for så å kjøpe ei varmepumpe neste sesong. Så eg kan ikkje få sagt det nok, tusen, tusen, tusen takk til den galne familien min, dette trengte me verkeleg!

Legg ved eit bilete av den nydelege lysekrona fra Thomas :)

Ellers håpar eg at de også har hatt ei flott jul. Og at resten av romjula blir minst like fin. For vår del er det rett tilbake på jobb på tirsdag, så me reiser tilbake til Bergen ikveld.

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar