Cathrine
torsdag 29. desember 2011
EIT HUS IFRÅ 1929
Idag har me sitte å sett gjennom boligpermen til det nye huset. Det kjekke med å kjøpe eit litt eldre hus, er jo at det har sin historie. Opprinneleg var det faktisk tre boenheitar, ein i kvar etasje.
Det er kanskje ikkje så enkelt å sjå her då, men dette er dei første teikningane av huset, og slik var altså planløysinga opprinneleg. Planløysing i hovudetasjen var ganske lik som det den er idag, berre at spisestuedelen var soverom, og det som var att av stua var delt inn i ei stue og ein "salon". Oppe var det litt annleis, bad og kjøkken på same plass som idag, det eine soverommet er likt, men der me har loftstue og eit lite soverom idag, var det altså stue og "salon" opprinneleg. Kjellaren var ein slags hybel, resten av kjellaren vart brukt som vedrom. Eg trur det var på 70-talet eingong at dei endra planløysinga til slik den er idag, og no skal me altså endre den litt me og.
Cathrine
Cathrine
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar