onsdag 21. desember 2011

PÅ BESØK I HUSET...

Idag var eg altså på visitt i huset, gjett om det var kjekt. Thomas skulle og egentlig vera med, men han var ikkje i slaget idag, så eg tok turen aleine. Var litt nervøs på førehand, tenk om eg angra meg når eg såg det på nytt? Gjorde jo heldigvis ikkje det då :)

Dei som me har kjøpt huset av er veldig hyggelige, så dei viste meg gladeleg rundt i over ein time og fortalde meg små og store historiar frå alt og ingenting undervegs. Det kjekkaste eg fekk veta var at sola skin mykje meir enn me trudde, den skal visst vera der frå omlag halv seks om morgonen til vel halv elleve om kvelden på sumarstid, DET lika me! 

Ellers fekk eg målt opp det eg skulle og spurt om dei tinga eg lurte på, og om det var mulig, så gler eg meg endo meir no enn før til overtakelsen. Men først skal me feire jul, no er eg heime i stua hos mamma og pappa på Stord og gler meg til nokon dagar med avslapping og venninner før Thomas kjem på laurdag. Då blir det pinnekjøtt, julemusikk og gaveopning, før me vender nasa mot Bergen att på søndag.

Eg fekk ikkje tatt nokon bilete idag, så eg får vel legga ved eit av bileta frå finnannonsen :)


Sjå kor fiiiiiiint :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar