tirsdag 6. desember 2011

Visning!






























Ja, idag var det visning på gamle leiligheten vår i Helleveien! Den må me selga som ein del av pakken for å ha råd te nye huset som me ska inn i snart! No har me jammen jobba og stått på i nesten to veker for å få alt klart, me har mellom anna vore heile fire gonger på IKEA på ei veke, DET er mykje. Meklaren som me valde gav oss mange tips og råd om kva som kunne vera lurt å ordne før visning. Hovedtipset hans var rett og slett klisjèer, han meiner folk elskar klisjèer. Javel, då får litt bli nokre klisjèar då, tenkte me. Så idag var det grønne epler på spisebordet (som forøvrig også var kjøpt inn for anledningen), mikroen vart bytta ut med urteplanter og me tente så mange stearinlys me kunne! I tillegg til dette hadde me kjøpt ett nytt fint golvteppe til stua og tatt ut alt me kunne av unødvenige ting, slik at leiligheten såg rein og upersonlig ut.

Me hadde sett oss ut ein parkeringsplass oppe i svingen å forhand, slik at me kunne ha full oversikt over aktiviteten på visningen. Det byrja ganske bra, allerede klokka fem ringte det på døra, og me måtte bare springe ner i trappa på direkten. Me kom oss opp i svingen vår å fulgte spent med, det skjedde ikkje så mykje dei første tjue minuttane, men så løsna det og folk strømma på. Me hadde vel ca femten personer inne, og meklaren sa at seks stykk har skrive seg på lista, kor tre av dei visstnok er ganske så interresert. Det synes me lova bra for imåro! 

Så no gjeld det bare å smøra seg med tolmod å venta på morgondagen. Me feirer innsatsen med frossenpizza, øl og marsipan. Tjohei.

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar