Noko av det som eg gleda meg mest til med det nye huset er å innrede det. Tenk så kjekt, dette er fyrste gongen eg flyttar inn i ein heim som er min (les:vår), som eg eig, som eg kan innrede akkurat slik eg sjølv ønskjer, ein plass eg har tenkt å bu i mange år. Me er ganske enige på korleis ståva vår skal bli, og Thomas har gitt meg litt fritt spelerom der, for han ser jo kor ivrig eg er.
Sjølv om eg lengtar etter ny sofa så blir det nok til at me fortsett med dei møblane me har inntil vidare. Det er så himla mykje anna me må prioritera i byrjinga med tanke på oppussing og bad. Eg skulle på monge måtar ønskja at eg kunne ansette ein interiørarkitekt som kunne hjelpa meg litt, for innredning er virkeleg ikkje noko eg er god på. Men planen min er å kikke mykje på nettet og i interiørmagasin dei neste tre vekene, slik at eg kan prøve å kopiere etter beste evne. Eg har så innmari lyst at ståva mi skal bli ein plass folk har lyst å vera, slik at vennane våre kjem på besøk til oss heile tida (Jippiiii).
Cathrine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar