fredag 9. desember 2011

Bankmøte!

Ja, då var me heime igjen fra Sørlandet. Det var ein nydelig tur, sett vekk ifrå flyturane då som var noko turbulente, det er godt eg ikkje har tenkt meg noko plass på ei stund for ås ei det slik. Men det var veldig koselig å treffe familien igjen, og møtet med banken gjekk bra.

Me stilte som avtalt opp i Lillesand Sparebank kl 10.00 idag tidleg og vår kontakt møtte oss med godt humør, sørlendingar er så trivelege, det tenkjer eg kvar gong eg er der. Me fekk snakka litt om korleis me ser for oss at lånet skal bli, litt om renter, forsikringar og avdrag. Ho meinte også at det var viktig for oss å få det på papir at me skal arva einannan, sidan me ikkje er gift (enda), så me får vel prøva å skriva ein sambuarkontrakt samt få knytta livsforsikringane våre saman. Me har også oppretta ein felles konto, sikkert ikkje så uvanleg når ein kjøper hus saman, men eg tykjer jo det er superromantisk (Thomas bare ler av meg).

Så, den forløbige planen vår når me overtek huset blir då å prøve og rive, kaste og klargjer så mykje som mogleg i kjellaren dei første vekene i Januar, før me får folk inn til å gjer det me ikkje klarar sjølv (nesten alt) mot slutten av månaden. Det er jo viktig å prøve og vera med litt på prosjektet sjølve også, og ikkje berre la andre gjer alt for oss :)


Legg ved eit bilete av kjellaren slik at de kan sjå litt kva me skal ta tak i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar