Tykjer det er rart å tenke på at me kanskje feirar jul i eigen heim neste år, til no har eg aldri feira jul utan familien min, og det er monge år sidan me har vore nokon anna plass enn heime. Men eingong må jo vera den første
Ellers er det herlig å vera heima nokre dagar i forkant av julafta, det er fyrste gong på nokre år for min del. Får liksom tid til å vera med på førjulsforbereiingar og alt, så imorgon skal eg, bror min og mamma trilla marsipankular FØR klokka er elleve på kvelden, og eg skal for eingongskuld hjelpa mamma med dessertane til laurdag (me plar nemleg å ha fem ulike, ein til kvar og ein felles som alle likar). Så er det berre å gleda seg til sjølve dagen, julafta, då kjem Thomas og til Stord og feiringa kan starte :)
Cathrine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar