tirsdag 20. desember 2011

SOVEROM...

Å, tenk, endeleg skal eg få eit soverom som ikkje er blått (sorry Thomas). Eg har ikkje tenkt så mykje på korleis soverommet vårt skal bli enda, men eit par idèar har ein jo. Det er jo lov å draume litt. Då me skulle ordne til visning her i leilegheita, så var det nokre ein ting eg ikkje var særs nøgd med, nemleg soverommet. Det skulle visa seg vanskjeleg å finne noko som kunne matche dei blå veggane me har der inne, så det eg iallfall VEIT er at veggane skal vera kvite, det enkle er faktisk ofte det beste, som det heiter seg i reklamen.

Eg har veldig lyst på ein sengegavl, det gjer så mykje med heile rommet tykjer eg, ein fin gavl, som det kan vera litt behageleg å lene ryggen imot når ein les. Eg ser og for meg at me skal ha eit nydeleg, fint sengeteppe og mange store puter i lyse/brune tonar. Tenk så fint det blir.

Det er jo eit gamalt hus, heilt ifrå 1929, så eg kjenner litt på at det er viktig å bevare sjela i huset, på ein måte. Så eg ser for meg ein litt romantisk og landleg stil (håpar Thomas er einig:P). Mykje lyse tonar og særpreg. 

Kanskje litt som noko av dette?






















Bilete øvst til venstre er det eg tykjer er absolutt finast.





















Ingen tvil om at det eg ser mest fram til er innreiinga av huset, men det er LENGE til me skal byrje på soveromma enda, først skal me jo ta kjellaren, deretter får me sjå kva som skjer med andre etasjen utifrå kva budsjettet vårt tilseier (me skal jo som eg tidligare har nemnt lage eit heilt nytt bad oppe, samt så har me tenkt litt på å isolere på nytt i veggane og kanskje endre litt på planløysinga).

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar