Meg på Flesland! |
Det var ein rask og grei budrunde igrunn, ikkje så mykje venting og slik. Allereie halv elleve neste føremiddag hadde me fått dei to første buda, som kom omlag samtidig. Etter dette gjekk det vel ein time, så kom neste bud, det tok ikkje lange tida før det kom ett over og slik enda det. Me er veldig fornødde med salget, då me fekk over både prisantydning og takst. Sjølvsagt hadde me jo håpt at det skulle gå den vegen, men ein tør jo ikkje håpe på alt for mykje, det er ett merkeleg marked for tida.
Så no er det tid for å møta med min nye bank, Lillesand Sparebank. Me sit i skrivande stund å ventar på flyet vårt til Kristiansand og har ett møte med vår kontakt i banken imorgon. Her skal me avklara litt kva renter me skal ha på lånet, og ikkje minst, kor myke me kan få behalda fritt i oppussingspengar. I utgongspunktet så har me allereie ein laus avtale på det, men sidan me solgte for meir enn planlagt, så er det vel lov å håpe at me kanskje kan løyse ut litt meir? Morgondagen vil vise.
Cathrine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar