søndag 25. desember 2011

EI VEKE ATT

Å herregud! Tenk at det berre er ei veke att, sju dagar. Desse dagane kjem til å gå kjempefort, det er eg sikker på, eg skal prøva å jobba mykje. I tillegg til at eg skal prøve å få jobba tre vakter hos Rema Wergeland, tenkte eg å jobba inn ein halv dag hos Bergen Energi, slik at eg slepp å gå tilbake på jobb den dagen me overtek det hadde nok ikkje vore spesielt effektivt.

Thomas skal ha varetelling med jobben sin den dagen, så han må nok rett tilbake å telle, og eg står att aleine i huset. Håpar det kjem nokon som vil sjå og halde meg med selskap, for eg trur nemlig ikkje eg kjem til å komme meg derifrå. 

Så vert det ei travel veke etter det, då skal me flytta. Me satsar på å greie å ta nokon lass sjølve på kveldane den fyrste veka, men det kjem litt an på korleis me begge skal jobbe. Den offisielle flyttedagen er 8 Januar, ein sundag, så får me håpe han der oppe kan tilgi oss for at me ikkje held kviledagen heilag akkurat denne dagen for me skal nok få tatt det igjen. Heldigvis har me ikkje avskrekkande mykje ting, men eindel er det, sånn blir det jo alltid. Eg synes sjølv det er godt å tenkje på at nesten alt allereie er pakka i esker og står i ein bod klar til flytting, det måtte me jo ordne før visning her i leilegheita. Det er godt med det som er gjort, som det heiter :)



Ein liten "sneakpeak" på korleis stua ser ut. For dei som ikkje allereie har sett bileta fra finn.no sjølvsagt, det er dei bileta eg brukar for no. Men om berre ei veke skal eg byrje å ta bilete sjølv, då blir det mykje spanande her inne tenkjer eg.

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar