Igår var eg og Thomas eintur oppom å sneik litt på utsida
av huset vårt. Me visste at dei me overtek etter ikkje var
heime, så me greidde ikkje å dy oss.
Me gjekk å kikka litt rundt i gata også, og me kom fram til
at vårt hus nok er det finaste i gata vår (høhø). Og enda finare
skal det jammen meg bli. Me har jo eindel arbeid inne,
men det er jaggu eindel arbeid ute også. Me må få fiksa litt
der bilane skal stå, der er det ganske ymse akkurat no, kanskje
eg legg ut eit par bilete om det imorgon. Me har også tenkt
til på sikt å få fjerna dei hellene som ligg utanfor no, å
leggje fin stein der istadanfor. Det er og eindel å gjera med beplantninga, der er det rimeleg overgrodd no, kjenner eg
berre har lyst å røske ut alt sammen og starte på nytt.
Kjenner eg meg sjølv rett, så er det nok slik det blir, eit
fint prosjekt til sumaren :)
Det trengs littegrann gartnerarbeid ja. |
Velkommen til Nygjerdet 10. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar