mandag 19. desember 2011

TO VEKER ATT...

Tenk at det no berre er to veker att. Det er litt over fire veker sida me kjøpte huset, og eg hugsar at eg tenkte at tida kom til å gå så seint fram mot overtakinga. Men tida har faktisk gått ganske fort, det har vore hektisk, mykje å gjera med salg av leilegheita, mykje jobbing og monge julebord.

På onsdag ser det ut som me skal ut ein tur å sjå på huset, det blir spanande. På ein måte kunne eg gjerne tenkt meg å spart det til overtakinga, men på ei anna side så greier eg ikkje å vente. Eg trur dei har tømt huset no, det vert rart å sjå det utan møblar, det ser sikkert ein del annleis ut enn eg hugsar. Men det skal jo vera sagt at eg er inne på den gamle finnannonsen fleire gongar om dagen å blar meg gjennom bileta der.


Her er eit bilete av spisestua vår. Litt rare rokokkoinspirerte møblar der for augneblinken, men dei skal byttast ut med fine nye spisestuemøblar. Før visninga på leilegheita var me ute på IKEA å kjøpte oss eit lite spisebord, og etter det har me ete så og seie alle måltida våre her. Det er så utruleg koseleg. Kvar gong me sit med frokostbordet hos svigers tenkjer me på kor mykje me gler oss til å ha vårt eige spisebord, ein koseleg plass der ein kan spise lang frukost i helgene saman med avisa, invitera venner over på middag, eller rett og slett romantisk middag for to. Og no er det jammen ikkje lenge til. Berre to veker.

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar