Siden me har kjøpt oss hus, tenkte me at det kunne vore kjekt å hatt ein blogg. Både slik at me sjølve kan sjå tilbake seinare, og for at familie og venner kan følgje litt med undervegs.
Huset me har kjøpt ligg på Laksevåg i Bergen. Det har tre etasjer kor me har tenkt å bu i dei to øvste sjølv, og lage til ein utleigedel i kjellaren. Det første som skal prioriterast når me overtek, er utleigedelen - jo fortare den blir leigd ut, jo betre for oss. I hovudetasjen, som består av stue, spisestue og kjøkken, er det ikkje nødvendig å gjere noko enda då alt er av relativt god stand. I andre etasje derimot har me eit stort prosjekt foran oss, der skal me etter planen riva ut alle veggar, isolera på nytt samt lage ny planløysing og bad. I denne bloggen vil me gje dei som skulle ha interesse av det ein mulighet til å følgje med oss i prossessen. Budsjettet er stramt, men entusiasmen er stor!
Me skal etter planen overta huset vårt 2 Januar, altså om ca 4 veker. Gjett om me gler oss!
Cathrine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar