søndag 18. desember 2011

PLAN FOR KJELLAREN


Her er ei planskisse over kjellaren i huset. Det er som sagt denne etasjen me skal byrje på med eingong. Me håpar me kan leige den ut frå 1. mars, jo fortare jo betre.

Planen vår er å rive veggen mellom dei to minste soveromma slik at det blir to omlag like store soverom. Me skal også rive veggen der det er vaskerom no, slik at me får ei open løysing der det skal vera kjøkken og evt ein liten sofakrok om det lar seg gjera. Me ser for oss at kjøkkenet blir langs den ytre veggen på vaskerommet, her skal me mellom anna ha oppvaskemaskin komfyr og kjøleskap, samt sjølve kjøkkeninnredninga.

På badet skal me ta ut badekaret, kanskje me skal ta det opp å bruke det på vårt bad? Me veit ikkje endo. Men der badekaret står idag skal det hvertfall vera ein vaskemaskin for klede. Det er og mulig me sett på nye dører på baderomsskapa, dei som er der idag er heilt forferdelege. Men ellers får badet stå som det står, til tross for litt grelle fargar :)

Me lurte litt på kva me skulle gjera med trappa, skal me ta den vekk, eller skal me la den stå? Me kom tilslutt fram til å la ho stå, det kan vera greit å ha muligheten til å "ta tilbake" kjellaren på sikt, dersom det skulle verta ønskjeleg. Så får me håpa at leigetakarane våre synes det kan vera litt sjarmerande med ei trapp der.

Det skal bli lagt nytt golv i heile etasjen, me har funne oss ein kjempefin parkett som dei sel hos Adolf Jahnsen, samt så skal me måle alle veggar og kanskje tak. Så me vonar det skal bli ein veldig flott leilegheit for to studentar. Kva trur de me kan ta for ein sånn leilegheit???

Cathrine

PS. Det kjem sjøvsagt mykje bilete undervegs, når me berre kjem igong :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar