|
Litt gamalt bilete, nye åpningstider er: man-fre 0700-2300 lør 08-21 :) |
Det er litt travelt for tida. Etter at me kjøpte huset har eg tatt på meg ein ekstrajobb, bare midlertidig altså! Så no jobbar eg på Bergen Energi om dagen, og på Rema 1000 Wergeland to kveldar veka ca, og foreløbig så har det gått ganske greit.
Det var ein av avtalane me gjorde med banken, at
hvertfall inntil me får leigetakarar i kjellaren, så må inntekta mi auke litt. Då tenkte eg at det enklaste var å ringe gamlesjefen min, han plar vera grei med slikt, og det var han jo :) Målet mitt er som sagt å klare to vakter i veka, men no før jul har eg ikkje hatt anledning til å jobbe nåken helger, så då må altså desse to vaktene lande mellom mandag og torsdag. Dersom eg synes at vekene fylte seg fort opp før, så gjer dei det hvertfall no. Med korpset på tirsdagen og to vakter fordelt på man/ons/tors er det jaggu ikkje mykje tid igjen til vener eller hobbyar
eller avslapping, men det får berre gå, for det blir SO verdt det når eg sit i det nye huset, det er eg sikker på!
Cathrine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar