søndag 11. desember 2011

Utsikt

I den leiligheten me bur i no, har me ein heilt fantastisk utsikt. Me bur i 10. etasje i ei blokk heilt ved sjøen og ser over mot Askøy. Sola skin heile kvelden her, så om sommaren er det heilt nydeleg å liggje ute på terrassen i solseng med ei bok og ett glas med noko godt i.






















Så høgt oppe at me somme tider er over skydekket
Ved solnedgong


















 I det nye huset som ligg på Laksevåg er det litt annleis, der skin vel sola om morgonen tenkjer eg. Laksevåg ligg jo på det som i Bergen vert kalla "skuggesida", fordi sola går ned på baksida. Men utsikten er slett ikkje verst her heller, me ser fortsatt havet, men istadenfor Askøy, er det no Nordnes me skal få kvila augene på. I tillegg til dette kan me no sjå to av mine favorittfjell fra ståvevindauga, slett ikkje verst det heller. 


Og her ser me Ulriken
Dette er utsikten mot Nordnes og Fløyen

















Eg tenkjer nok me skal få det minst like fint med den nye utsikten vår som me har hatt me den gamle, for det er ikkje noko tvil om at utsikt har litt å bety. Me merka det då me flytta frå dei tronge sentrumsleilighetane våre og ut her på Lønborg, ein får ein litt anna ro over seg.

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar