mandag 26. desember 2011

BO BEDRE

Til jul fekk eg og Thomas nokre boligmagasin. Heilt topp gåve, spør du meg. Så idag, andre juledag, siste fridagen i jula, sit eg her og draumer meg bort i desse blada. Det eine magasinet var Bo Bedre, her er det så mykje fint, mykje tips og gode løysinger.

Bo Bedre, utgåve frå februar 2011

Flott vegg med bilete, og morsom løysing med bokhylle.

Brutalistisk stil med betongveggar. Nydeleg bokhylle.
Både meg og Thomas er glade i å lese bøker. Me gler oss begge til å få skikkelege bokhyller noko anna enn billyhyller fra IKEA. Me har snakka om slike som går heilt i taket, som på det nedste biletet, men me har ikkje funne heilt ut kor dei skal stå enda. Det mest naturlege er jo å ha dei ståande i stua, men eg er ikkje heilt sikker på om eg vil det. Ein anna moglegheit kan vera å setja dei oppe, i gangen mellom alle romma, det trur eg kunne vore vel så koseleg. Me får vel berre prøva oss fram :)

Fortsatt god romjul til alle!

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar