Ja, seks vekers ventetid er over, imorgon er den store dagen. Då skal me overta huset vårt, og ein ny epoke i livet startar. Eg trur 2012 kjem til å bli eit fantastisk år, med mykje nytt og mykje kjekt. Me skal prøva oss på oppussing, alle seier jo at det er ein prøvelse for alle forhold, men eg meinar det skal gå bra :) Me har jo med vilje kjøpt oss ein bolig med litt oppussing nettopp fordi me vil teste korleis det går. Samtidig tykjer me begge at det er litt keisamt å flytte inn i eit fiks ferdig hus, det er jo kjekt å vera med å bestemma litt korleis det skal sjå ut, slik at ein verkeleg følar at det er eins eige, og ikkje nokon andre sitt som ein berre "lånar". Draumen hadde jo sjølvsagt vore å fått bygga sitt eige, heilt frå starten av, men når det ikkje går så er det slett ikkje eit dårleg alternativ det me har klart å få til.
Når eg satt her for eit år sidan, på akkurat same plass som eg sit no, hadde eg nok ledd om nokon fortalde meg at eg skulle vera forlova og at me hadde kjøpt oss hus saman berre eit år fram i tid. Det er heilt utruleg kor mykje som kan skje på berre 365 dagar. Eg trur 2011 har vore det beste året i mitt liv, eg håpar 2012 blir minst like bra, om ikkje betre.
Med det vil eg berre sei
takk for det gamle, og eit godt nyttår.
|
Eg gler meg til å starte ein ny epoke i livet, her, saman med Thomas <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar