torsdag 5. januar 2012

KLASSISK KVIT

Idag har me mala. Kjempegøy :D Me tok med oss ein liten plankebit som "fargeprøve" å gjekk spente bort på Jernia, Laksevåg Senter. Me kom ut igjen med ein maling som heite "klassisk kvit" og den var ikkje i det heile tatt lik vår plankebit, så det som skulle vera litt flekkvis maling vart plutseleg eit heilt prosjekt. Men det er jo berre kjekt det, med litt å gjera på.

Så idag har me altså mala to av tre veggar i stua pluss heile kjøkkenet. Flinke oss, hihi :) Imorgon, medan eg likevel er i huset og å ventar på canaldigital-montøren og vestenergi-montøren kan eg vel likegreit male strøk nummer to, om eg får tid.

Imorgon kjem mamma og pappa til Bergen, eg gler meg så himla mykje til å vise dei det fine huset vårt. Eg håpar dei tykjer det er like flott som det me synes det er. Ei perle av dei sjeldne.


Ja, sånn går det når ein prøver å pusse opp så enkelt som mogleg. Her var det altså eigentleg eit kjøkkenskap som me har tatt ned fordi me skal ha inn eit høgare kjøleskap her. Felott. :)

Viktig med bilete av meg sjølv i aksjon.

Enda eit bilete av meg, maledronninga. Eg har aldri mala før, men det gjekk mykje betre enn forventa.

Ferdig med første strøk, sidan me tok ned alt av lampar igår, er det kanskje litt mørkt for Iphonen min sitt kamera. Men slik ser det altså ut med maskeringstape overalt.
Så har me rukke ein kjapp tur innom IKEA, kjøpt nokre klesposar og ei induksjonsgryte. No har eg planar om å pakke litt, sjølv om eg eigentleg er stuptrøtt. Litt må eg iallfall greie å pakke før det er kveld. Berre litt.

Cathrine

1 kommentar: