Når me våkna idag var me utkvilte og klare for ein ny dag. Så eg byrja å rydde i alt rotet, det har sett passe bomba ut med kvasiflytting pluss maling og div. Så det var godt å få litt orden på tinga igjen :) Medan eg styra på med det gjekk mannen i huset ned i kjellaren å byrja å rive. Han fekk gjort så mykje der nede idag OG kjørt på fyllingen med alt i tillegg. Midt oppi alt dette ringte det også ei jente på kjøleskapet me har lagt ut på finn.no, så då fekk me jaggu solgt det og, og plutseleg måtte Thomas ut for å hente det me har hatt i leilegheita.
Me har og hatt litt besøk idag, eg hadde ei venninne innom, veldig koseleg. Så kom mamma, pappa og mormor eintur. Pluss at Eivind var her, han hjalp Thomas med å rive og kjøre på dynga. Kjekt med litt liv i huset :) Mormor hadde med seg ein knakande flott blom fra ho og morfar, og VERDAS BESTE heimalaga saft til oss (tusen takk igjen, om du les dette) :):) Eg og mamma fekk og hatt vår tradisjonelle butikktur i forbindelse med at eg flyttar. Handla inn MASSE mat til oss, kan ikkje anna enn å takke <3
Imorgon er den store flyttedagen, då skal resten av greiene våre inn i huset. Det blir så kjekt. No har me akkurat pakka klart siste rest og eg trur me igrunn er klare til flytting. Skal straks avgårde på personalmøte med Rema1000 før det er heim igjen og fortsette i huset. Littegrann maling og vasking igjen før møblane kan komme inn. Tjohei.
Senga klar til montering. |
Litt dårleg bilete, men utsikten fra 2. etasje er UTSØKT. Det ein ser i vindauget heilt til venstre er fløybanen. |
Dette er berre LITT av det Thomas reiv idag. PUH.. |
Cathrine
W O W ! ! ! Dåke har fått gjort dødsmasse!
SvarSlett