Idag har me fått besøk av svigers. Dei likte heldigvis huset dei og, det var godt. Så no har me spist god middag, hatt litt godt i glaset og prata om huset i mange timar. Me prøvde å google han som fekk huset bygga i si tid, og me fann noko litt artig, kona hans heitte faktisk Berta, kor vittig er ikkje det liksom??? Eg synes det var litt sånn "ment to be" greier, for som mange av de allereie veit så kallar jo eg meg for Berta i sosiale lag, fordi mine foreldre eingong fortalde meg at dei hadde planar om å kalle meg det ( eg veit jo ikkje korvidt det er sant, men mi oldemor sitt namn var Bertha ).
Så det var dagens historie time fra Nygjerdet 10. Imorgon skal me ut å kjøpa gardiner til stua, eg gler meg :D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar