mandag 2. januar 2012

OVERTAKING!!!

Idag var altså den store dagen, me fekk huset vårt :D Ein fantastisk følelse. Me sleit begge med å sovne igår kveld, men då klokka ringte ti over seks idag så spratt eg opp av senga. Jobba fra sju til elleve, kjørte inn å henta Thomas før det bar ut mot Laksevåg og Nygjerdet. Der venta selgarane med blomster til oss, skikkeleg kjekt.

Overtakelsen gjekk veldig greit, alt såg veldig fint ut og ingen dramatikk. Etter at straumen var avlest, og alle papir var signert kjørte eg Thomas tilbake på jobb. Så var eg att aleine då, så eg gjekk opp i leilegheita og plukka med meg litt ting og kjørte like grett "første flyttelass", viss ein kan kalla det det, hehe, det var ikkje så mykje. Tok meg ein lang tur rundt eigedomen min, før eg i mangel på møblar la meg ned på eit teppe på golvet og las i ei bok eg har fått. Gjett om eg kosa meg då altså. Kjenner meg allereie som heime, og det er bra.

Ein ting som er kjekt er jo at me no bur eindel nærmare dei fleste av venane våre, så idag var eg heldig å blei invitert på middag hos Marith og Jørgen, kjempekoseleg. Så vart dei med tilbake for å sjå på huset, utruleg stast å få vist det fram til nokon. Thomas var ferdig på jobb på same tid, så han møtte oss og i huset, saman med Eivind, ein god ven av oss. Så det var dei tre første som fekk sjå huset.

Lesehjørnet.


To spente sjelar på veg til overtaking.
No gler me oss berre heilt SJUKT til helja. Då skal me flytta inn. Me planlegg å leige ein flyttebil heile helja, og seng skal vera første lass, slik at me kan sova i huset fra fredag av. JIPPI. Det var skikkeleg vanskeleg å lausrive seg idag, å gå tilbake til leilegheita, så det skal bli godt når me kan sova der.

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar