mandag 9. januar 2012

FLYTTEHELG

Ja, då var me så og sei i hus. Berre nokre småting igjen no, som me ikkje stressar med, me har jo god tid. Leilegheita skal overtakast fyrste februar, så det er enda nesten tre veker til, heldigvis. Alt gjekk veldig bra igår, alle stilte opp med godt humør, og flyttinga var unnagjort på null komma niks (nesten).

Så no er det berre å pakke ut igjen, hehe, det er litt av ein jobb det og. Det er rart at me har hatt plass til alt på dei 40 kvadratmeterane me har budd på til no, eg skjønar det ikkje. Det var vel på tide med litt større plass tenkjer eg. Ellers så elskar me begge huset, me trivst allereie så utruleg godt der. Masse plass på kjøkkenet, fantastisk utsikt og ein koseleg atmosfære, rett og slett. 

Me har ikkje fått internett i huset enda, så eg er i leilegheita for augneblinken og bloggar herifrå. Så om det kjem litt skjeldnare innlegg denne veka er det altså difor. Men skal gjera mitt beste :)

Stua vår. Litt nakent enda, men det kjem seg.

Spisestua, her er det LITT kaotisk enda, det er det eigentleg overalt. Lysekrona er på plass, som de ser.

Den foreløbige kontorplassen til Thomas. Også nede i stua.

Så hadde me besøk av rørleggjar idag.

Så no kan me vaske klede også :D
No skal me eintur på IKEA. Kjøpa ei seng, me får jo besøk neste helg. Det gler me oss til.  :D

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar