fredag 27. januar 2012

BAD

God fredagskveld. Her har me akkurat hatt taco, det er nesten obligatorisk på fredagen, og er klar for ein kveld i sofaen. Herleg. Me er ENDELEG ferdige med utvasken i Helleveien, ikkje at det har vore så mykje arbeid altså, det er jo verdas minste leilegheit og eg har (faktisk) vore flink å vaske undervegs, det lønnar seg. Men det har gnagd eindel i bakhovudet dei siste vekene, så det kjens godt å vera ferdig.

Imorgon kjem det nokre arbeidarar her for å rive ein liten mur og eit blomsterbed på biloppstillingsplassen vår, det er dei same me hadde til å leggja skiferstein på terrassen i leilegheita. Me synes dei gjorde ein kjempejobb der, og brukar dei gjerne igjen. Muren me skal rive står i vegen og gjer det vanskeleg å parkera meir enn ein bil der ute. Det kan me ikkje ha noko av. No er det sånn at det akkurat går to bilar, om eg ryggar meg inn først med den vetle bilen min, så det skal bli godt å få fjerna den og få litt enklare parkeringsmoglegheit. Seinare på dagen kjem det to venninnepar på visning, for å sjå litt kva dei synes om leilegheita. Den ser jo ikkje ut for augneblinken, men ein får jo eit visst inntrykk iallfall. Me har faktisk fått eindel respons på utleiedelen vår, og det sjølv om me ikkje har nokon reelle bilete og visa til. Så det skal med andre ord bli ein spanande dag imorgon. Når klokka blir to skal eg på jobb på Rema 1000, gler meg faktisk til det, alltid koseleg å jobba laurdagar der. 

Ellers hugsar eg at eg lova å leggje ut bilete av badet vårt oppe, som me skal bruka inntil vidare. Reknar med folk har venta i spenning på det (dei fleste som les bloggen har jo faktisk vore her og sett det med eigne auge) :)
Ser for meg at dette er KVALITET
Heldigvis trur eg toalettet er av nyare standard
Ingen tvil om at golvet er Retro......
Men i sin heilhet er det faktisk ikkje så ille, eg trur det skal gå finfint :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar