torsdag 26. januar 2012

SLITEN JENTE

Eg må berre sei at eg gler meg til denne helga er over. DÅ håpar eg at eg skal finne nokre dagar innimellom der eg kan slappe litt av, no hugsar eg nesten ikkje korleis det kjennes. Det er mykje jobbing for tida, prøver å presse inn litt trening innimellom og alt som har med hus/leilegheit og gjera. Det blir helst travelt. Etter ti timer på jobb (med eit lite avbrekk, vel og merke) så var det rett ut i Helleveien for å vaske. Det gjekk greit, litt vanskeleg å sjå då det ikkje er så mykje lys der ute lenger, og eg vart ikkje heilt ferdig, men nesten. Det får heller bli ein tur ut imorgon også, puuuh.

Ellers har me ENDELEG internett no, så no bloggar eg fra dataen igjen. Herleg!

Thomas har hatt besøk av både elektrikar og snekkar idag. Så no er det meste klart til mandag, då byrjar oppbygginga av kjellaren, spanande.  Neste veke får me og oppgjeret for leilegheita me solgte, så då vil me endeleg finne ut korleis ting vil sjå ut økonomisk. Eg kjenner eg er spent på om det vert bad på oss no eller seinare, det hadde heilt klart passa best med no :)

Det var ikkje så mykje meir sakleg eg hadde på hjartet idag, men imorgon tenkte eg å visa dykk badet me skal bruka mellombels - stay tuned :)
Kan ikkje skryte på meg at eg er særleg sunn for tida, og det vart IKKJE betre utover kvelden heller, foråseidasånn. :P

3 kommentarer:

  1. til Cathrine:vær stolt av hva du klarer ikke te
    nk på det du ikke rakk!
    tilThomas:behold humøret det er din styrke
    NÅ KOSER VI OSS!
    Vi heier på dere hilsen Kosvikingene

    SvarSlett
    Svar
    1. Jo, takk for da, og gjett om me kosa oss :D:D

      Slett
  2. Det stemmer dere! Og det viktigste er jo at vi koser oss! :)
    Thomas

    SvarSlett