Dette må jo vera livet, slik det er meint å vera. Eg kosar meg så utruleg mykje for tia, er rett og slett lukkeleg. Tenk at me har kjøpt oss eit hus, det er ganske vilt å tenkja på. Og me trivast så godt her, kosar oss heile dagen, å greier nesten ikkje å sitja stille, for det er så kjekt å halda på med alt mogleg.
Igår var Thomas ein tur på taket å satte på plass ein takstein som var lausna, samtidig fekk me renska takrenna der oppe, godt med det som er gjort:) Men ellers var det mest sosialt igår, med litt koseleg besøk og sånn.
Idag tenkte eg å få rydda litt oppe, før eg skal på trening, har ikkje trent på 2 månadar, ikkje sidan me kjøpte huset, så det skal bli skikkelig fint å komma igong igjen. Thomas får hjelp av ein kamerat nede i kjellaren i ettermiddag, og i tillegg skal det komme folk å hente fryseskapet og den oppleggbare køyesenga. Det endte med at me bare gav det vekk, for me vil helst verta kvitt det før me startar for fullt med oppussing der nede.
Så kan eg jo til slutt meddele at internett er utsatt. Fekk melding idag om at dei skulle prøva å få det til innan 26 januar, så får me berre sjå. Eg angrar på at eg ikkje bestilte litt tidlegare, men det var så vanskeleg å velgje kven ein skulle gå for. Rart kor avhengig ein blir av internettet, 10 dagar utan kjens som meir enn lenge nok, så blir det liksom 10 dagar til.
Arna-damo:
SvarSlettNextgentel sendte meg samme sms! "vi vil FORSØKE 26 januar" skrev de...jaja, me har vel masse ant å finne på begge to i våre 'nye' hus!
Ja, da mangle ikkje på ting å ta tak i hvertfall, men guri da hadde vert kjekt med litt internett og snart!!!;)
Slett