onsdag 18. januar 2012

EFFEKTIVT!

Thomas er så himla effektiv. No har han berre så og seie golvet igjen å rive nere i kjellaren. Han har stått på kvar ettermiddag/kveld heile veka, med god hjelp av veldig greie kompisar.

Eg har jo ikkje bidratt så mykje, men eg går jo mest berre i vegen, og ikkje har eg den same muskelkrafta som mannfolka heller;) Eg kjem sterkare att når me kjem til maling og den slags, det var eg jo god på. Pluss at eg jobbar jo 30% ekstra, så det vert jo litt mitt bidrag.

Så imens dei jobba nere, hadde eg besøk av fire kjekke jenter og ein guttebaby, me åt god middag, spiste litt sjokolade og drakk litt kaffi. Etterpå bar det avgårde på Zumba (kjøpte meg ny knestøtte idag, yay), KNALLKJEKT!!

Legg ved nokre bilete av status quo i kjellaren. Det går verkeleg unna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar