søndag 22. januar 2012

SUNDAY, ITS MY FUNDAY

Sundagar er gode dagar, uansett kor lite ein gjer så kjens det godt, for ein skal jo liksom kvila.

Me har ikkje tid til å kvila heile dagen, så litt har me fått gjort idag og. Me fann ut at det kunne vera greit å vaska vindauga og terrassen i dagens lys, så då gjorde me det. Me fekk tatt soverommet og walkinet i samme slengen, så me er igong. Det er jo overtaking på leilegheita neste sundag.

Etter det fekk me fyllt opp varebilen med boss etter kjellaren og tok oss ein tur til Samnanger for å hive det på BIR-stasjonen der. Det er den einaste stasjonen i omegn som er open om sundagen, men det var heldigvis ikkje så langt. Sett vekk ifrå køen på veg heim att, eg for min del sov heile vegen, så det gjekk jo greit det:)

No har me hatt oss ein betre middag her heime med svinebiff, ovnsteikte grønnsaker og pestosaus, skikkeleg snadder, om eg må sei det sjølv. Resten av kvelden vert tilbrakt i sofaen medan me ladar opp til ei ny hektisk veke.

Legg ved bilete frå dagen vår:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar