Då var me igong med oppussing. Me hadde eigentleg ingen plan idag, anna enn at me ville ut i huset (sjølvsagt), men me fekk gjort ein god del. Me hadde jo i utgongspunktet ikkje tenkt å gjera noko i hovudetasjen, men så er det jo eingong slik at når ein først kjem inn der så begynner ein likevel. Så idag har me reve bokhylla i stua, reve eit slags lysarmatur med sjalusi som var over vindua i stua, tatt ned alt av lamper i hovudetasjen, tatt ned nokre skap på kjøkkenet samt sparkla alle hol.
Planen for imorgon er å kjøpa måling, måle, ut på IKEA for å kjøpe ei gryte og nokre klesposar å pakke
heile litt av leilegheita. Thomas har ordna oss ikkje mindre enn TO varebilar fra fredag til mandag, så her gjeld det å vera klar til flytting fredag. Mine foreldre kjem og på fredag, pluss at eg har ein kar som skal komme og montere varmepumpa vår, så det er ikkje mykje rom for pakking då. Men heldigvis har eg fri fra jobb, så eg kan vera oppe leeenge imorgon :)
|
Ein sjalusisak mindre. |
|
Ei bokhylle mindre. |
Som de ser så har me såvidt begynt å ta med oss nokre ting, litt kvar dag. Har jo allereie nok instrument i hus til at eg kan starte eit lite orkester, hihi.
Dette blir bare så råbra! Eg kan nesten ikkje tru at det er sant, eg gler meg så mykje til helga, dette er bare ein draum.
Cathrine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar