Og det gler eg meg til, sjølv om det ikkje blir noko særleg avslappande. Imorgon skal eg prøve å jobbe litt overtid, er inne i ein hektisk periode på jobben no. Så skal eg og ei venninne ha sushikveld, namnam! Skal ha mi fyrste natt åleine i huset imorgon, det blir rart, men går nok bra. På laurdag har eg og tenkt å ta meg ein tur på jobben, før det er nyttårsfest med XL-bygg på kvelden. Søndag skal eg og mannen på roadtrip til Samnanger av alle plassar, haha. Det vert sikkert artig:P
Idag har me rive opp golvet i kjellaren, det nermar seg klart for oppgradering. No er det berre litt småplukk igjen før snekkaren kan byrje. Gler meg så mykje til me er ferdig, då kjem det før/etter bilete på bloggen:D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar