Ja, då har me vore i Helleveien 265 for siste gong. Det var ei veldig søt jente som skulle overta etter oss, og eg håpar ho vil trives like godt som me har gjort. Alt gjekk igrunn bra under overtakinga, utanom eit par småpinlege hendelsar, som at me gjekk feil når me skulle visa ho kor vaskekjellaren var (me har aldri vore der), pluss at me har ein nøkkel me ikkje veit kor høyrer til. Men det kjennes godt å kunna kryssa enda ein ting av lista over ting som skal skje. Og no kan alt fokuset vera på det nye kapittelet, nemleg Nygjerdet 10 :)
Igår var som sagt vår venn Kristoff her for å riva muren ute. Det blei veldig bra, og no er det mykje enklare med parkering. Eg gler til å få testa om me no kan klara å rygga inn to bilar der, og om Thomas greier å snu Hiacen her oppe no (han ryggar heile vegen ned kvar dag). Just nu har me elektrikar på besøk, han og Thomas held på i kjellaren. Dei skal legga opp nye stikk-kontaktar og diverse småting. I tillegg så skal dei kutte straumen på badet nede, det er jo det badet me brukar for tio, sidan sluken i dusjen oppe er tett. På tide å fikse sluket snart, Thomas? hehe. :)
No skal me straks hiva oss i bilen og ta ein tur til Samnanger igjen, det var så koseleg sist helg! :)
|
Den fine utsikta. |
|
Ein blom til den nye eigaren. |
|
Tusen takk for oss, Helleveien 265:) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar