onsdag 25. januar 2012

ENDELEG INTERNETT

Snart iallfall. Imorgon kjem det installatør fra Nextgentel og forhåpentlegvis går alt fint og me får internett. No har me budd her i tjue dagar utan og eg kjenner meg heilt isolert frå omverda. Ikkje får eg blogga skikkeleg, det er eit slit å bruke nettbanken, facebook er ikkje det same og eg får ikkje fulgt skikkeleg med på bloggane eg les. På den andre sida har det jo vore litt godt og, at me ikkje berre sitt framføre kvar vår skjerm. Det blir jo fort slik.

Imorgon er og dagen der eg skal vaske ut i Helleveien, skal bli godt å ver ferdig med det. Thomas skulle eigentleg vera med, men så må han vera her saman med ein eletrikar istadan, keisamt. Men heldigvis er ikkje leilegheita så stor, så det skal nok gå greitt:) Eg jobbar jo best aleine uansett.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar