onsdag 11. januar 2012

TIRSDAG

No er det ei veke og ein dag sidan me overtok huset. Tida går så fort, men me har fått gjort himla mykje på den eine veka, det skal vera sagt. Idag har eg jobba dobbelt, og har ikkje fått pakka ut noko meir, så eg gler meg til imorgon, når eg endeleg kan få litt oversikta over kleda mine. Kjennes som eg har gått i dei same kleda i fleire månadar no :)

Ellers var det skikkeleg rart å stå opp i dag, fyrste morgonen med rutinar, me stod opp kvart over seks og har aldri hatt så god tid før. Kvar sitt bad hadde me tilogmed. Og ett bad til overs.  (knis). Så dette lovar veldig bra, eg trur me kjem til og stortrivs her.

Thomas har laga annonse på leilegheita i kjellaren idag, på finn.no. Greit og vera tideleg ute :P

http://www.finn.no/finn/realestate/lettings/object?finnkode=32634283 - spre gjerne til folk de kjennar :)



Den nydelege trappa vår <3 Thomas har hengt opp det fyrste biletet medan eg var på jobb idag. Dette bilete fekk han av ei venninne av meg då han hadde hjulpe litt med noko skulegreier. Skikkeleg kult :D

Imorgon kjem det ett litt meir sakleg innlegg, eg er veldig!!! litt trøtt ikveld (har greidd å finne ett ope nett i nabolaget, HURRA)

Cathrine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar