Idag byrja snekrane på kjellaren, skikkeleg kjekt å sjå kor fint det skal bli. Dei hadde satt opp gipsplater på heile det eine soverommet og komt halvvegs på det andre. Så det går jo verkeleg unna der nede. Me vart så inspirerte at me stakk ut på IKEA å teikna opp kjøkkenet i ettermiddag, men det var jammen ikkje enkelt. Det blir så himla lite skapplass, håpar me finn ei løysing på det til slutt. Det viktigaste er iallfall at me er igong om ikkje anna.
Det vart eit kort innlegg idag, imorgon skal eg jobbe dobbelt, forsåvidt på onsdag og, men då er eg ferdig klokka åtte, så det blir to lange jobbedagar før eg ser helga i horisonten. Den gler eg meg til, då får eg nemlig besøk av ei venninne fra Stord, pluss at eg har lagt inn ein god del avslapping i timeplanen, hurra! :D
Tjohei.
Alt bosset er vekke. Her har det vore einDEL greier. |
Verdas finaste hus <3 |
Utsikt frå trappa ute. Smilar kvar gong eg kjem opp her og skal låse meg inn. Nydeleg :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar