No er jo snekkarane på plass og i full gong, dei er heilt ferdige med soveromma (utanom golv sjølvsagt, me må male fyrst) og har kun stua igjen, så det går unna. Eg må sei det blir veldig bra, og eg er så spent på det endelege resultatet. Planen er at det skal vera klart til at me kan male om to veker. Så må me leggja golvet, og få opp kjøkkenet veka etter. Det skal gå fint. Me har lurt litt på om me kanskje skal flytte varmtvatnsberedaren som står langs "kjøkkenveggen" inn på badet. Der er det jo god plass, og det vil løysa skapplass-problematikken eindel. Men då vert neste utfordring: kor skal dei tørka kleda sine? Å, det er mykje som skal tenkjast på, men, eit tørkestativ får ein vel alltids plass til.
Eg skal jo innrømma at den enkle jobben nere i kjellaren kanskje har balla på seg eindel undervegs, det er ingen tvil om det. Men me fann rett og slett ut, at skal ein først pussa opp er det vel like greit at ein gjer det skikkeleg, så varer det gjerne ei stund.
Den opprinnelege planen:
- Rive vegg mellom soverom
- Rive vegg fra "vaskerom" så det vert open løysing
- Male veggar og tak
- Leggje nytt golv
- Sette opp enkelt IKEAkjøkken
- Tette igjen trappa oppe
- Rive vegg mellom soverom
- Rive vegg inn til bod
- Rive vegg fra "vaskerom"
- Sette opp eige sikringskap
- Flytte varmtvatnsberedar
- Isolere tak (med tanke på støy)
- Gipse tak og veggar
- Sette inn enkelt IKEAkjøkken
- Tette igjen trappa oppe
- Leggja nytt golv
Så har me jo og hatt inne elektrikarar her denne veka, og dei har satt opp sikringskap i kjellaren, eit nytt og fint eit. Så det vart veldig bra.
Eg får vel runde av her for idag. No skal eg få unna litt husarbeid (det er det nemleg ingen som tar medan eg er på jobb, hehe;) Så skal me eintur på IKEA dersom tida strekk til, alltid nokre småting ein treng derfra.
Ein glad mann som jobbar :) |
Nytt sikringskap |
Og eit bilete av beredaren me då altså tenkjar å flytte på, den tek jo opp einDEL plass. |
Kjekkare å lesa din blogg enn Tone "sexy" Damli/aaberge/whatever-ho-kaller-seg-no :) HEIA DÅKE!
SvarSlettDa varma hjerta mitt at du skreiv da, for tone sin blogg e jo FAVORITTbloggen miiiiin :):)
Slett