fredag 17. februar 2012

ROLIGARE TIDER

Etter fire veker med mykje jobb ( har jobba seks dagar i veka ++ dei siste fire vekene) så er det tid for å roe ned. Kva kan vel passa betre enn tre frihelger på rad no? Åh, det skal bli godt. Vera mykje med venner, trena litt og kose meg med oppussing og huset generelt.

Imorgon er det fredag, endeleg. Eg ser allereie for meg tacoen på bordet, skal berre ein liten tur innom Bergen Energi, så ein liten tur ut på Expert fyrst. Så er det sofa, taco og fredagskos. Eller, okei då, eg skal male litt og. Planen for imorgon kveld er å grunna vindaugskarmane i kjellaren, slik at me kan male dei på lørdag/søndag. Planlegg å berre vera inne heile helga, kanskje ein liten tur på senteret for å fylla opp kjøleskapet, men det er det einaste. Draumehelg, utan tvil. :)

Eg ser Thomas har vore å kjøpt ved og alt idag, då blir det skikkeleg peiskos <3

Har ikkje så mykje sakleg å komma med så eg rundar av her for idag, imorgon kjem bilete av kjellaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar