Eller, det er vel framleis eindel igjen, men no er nesten alle veggane på plass i kjellaren, og snart gjenstår det berre å male, leggje golv og montere på plass kjøkken. Denne dagen har eg gleda meg til lenge, den dagen veggane kom opp i stue/kjøkken avdelinga. Det vart akkurat så fint som eg hadde trudd, og eg gler meg til ny malehelg i helga som kjem. Det vert jo berre ein lek no, så drevne me er blitt sidan sist helg :)
Ellers har eg vore nokre timar på Rema 1000 idag, og skal opp nokre timar imorgon og, to korte vakter. Så har eg fri der heilt fram til tirsdag i neste veke. Skikkelig herleg å roe ned litt på den fronten no, og heller vera heime i huset å jobbe, mykje kjekkare. Stakkar Thomas kan jo ikkje stå aleine med absolutt alt heller. Idag har han rydda i kjellaren, så eg har vore nede å knipsa nokre bilete no, pluss at han har vore eintur på søpla å kasta bos, flinke guten.
|
Sjå kor fint!!!! |
|
Søt lita bod. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar