søndag 12. februar 2012

IKEASØNDAG


Idag har me byrja å montere IKEAkjøkkenet. Best å ta det i etappar, så me har ikkje montert alt enda. Det er så frustrerande med dei dårlege instruksjonsblada og sånn, ein kan jo blir heilt lei. Best å gi seg medan ein er på topp, (evt når ein ikkje får til meir). Eg tok på meg ansvar for ein skuffeseksjon, og det gjekk forsåvidt greit, iallfall etter eg fann ut at fronten til skuffene kom i eigne pakkar (vart litt forvirra der ei stund). Men når eg holdt på å setje skuffene i tilslutt, fann eg ut at eg ikkje greide å ta skuffene ut etter dei var satt inn, og desse skal jo på ein måte festast i veggen, så eg måtte vente med den øvste skuffa. Litt frustrerande var det og at då me skulle snu den for å hive på beina i full fart, så var det ikkje hol til dei, og nei, me hadde ikkje satt feil del øverst og nederst. I instruksjonen viser dei den med bein, så det skal jo gå an, men korleis, det viser dei jo ikkje.

Før me satte igong med IKEAgreier, fekk eg tid til å vaska litt i huset, ikkje verst. Det er ikkje reint så lenge om gongen, men det er no greit å veta at ein vaskar innimellom, sjølv om me pussar opp. Me fekk nemleg besøk av ein tante og ein onkel ifrå Stord, veldig koseleg. Dei hadde sjølvsagt lyst å komma og sjå det vakre huset me har fått oss, og me seier ikkje neitakk til litt besøk ein sundagsføremiddag me :)
Ein stk ferdig vask.
Frøken i aksjon.
Det som eingong skal bli eit ventilatorskap, om me får det til :)
Den berømte skuffeseksjonen.
No, er det TV og fyr i peisen <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar