Iallfall nesten. No har me mala tre strøk i stue/kjøkken avdelinga og har berre småplukk igjen, som til dømes karmar og dører. Det får me putle litt med ut i veka tenkjer eg. Thomas måtte ta det siste strøket i kjellaren nesten aleine idag, men han klaga ikkje av det, heldigvis. Eg har vist vorte sjuk, og ein tur ut igår hjalp ikkje akkurat på den allereie ganske skrantande helsa.
I ei lita ibuxrus greide eg å rydde litt oppe i stua, her har jo sett rimelig bomba ut i nokre veker no, og idag nådde eg grensa mi og berre MÅTTE ha det vekk. Men då eg var nesten ferdig måtte eg berre innsjå at det var for ambisiøst og eg måtte berre kasta inn handduken. Det ser iallfall mykje betre ut her no, og forutsetningane er gode for ei ny veke. Så då me skulle ned å male litt seinare på dagen var det ikkje mange penselstrøka eg fekk tatt før eg vart sendt opp att for å leggje med ned igjen, hehe. Korleis det skal gå med dobbelvakt imorgon tør eg ikkje tenkja på eingong. Det einaste positive med å vera sjuk er at eg iallfall ikkje frys. Eg har faktisk svetta i fem dagar no, samanhengande, det kjennes heilt rart, for tilogmed på dei varmaste sommardagane greier eg å fryse, eg er alltid kald.
Vel. Eg skal ta med meg feberen, dei hovne kjertlane og den vonde halsen opp for å leggja meg straks, og ser fram til å vakne frisk og rask imorgon. Eg. Har. Ikkje. Tid. Til. Å. Bli. Sjuk. Nett. No.
Litt bilete fra ein ferdig mala kjellar :)
|
Sleng med eit "før-bilete" |
|
Litt av ei endring. |
|
Nydeleg! |
|
Ser litt annleis ut no ja. Me er særs nøgde :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar