Fredagskjensla altså, den slår alt. Sjølv om eg skal på jobb imorgon så er det bare så utruleg herleg å nyta fredagskvelden. Me har fått rydda litt i stua og laga heimalaga pizza. Då eg vaks opp hadde me alltid ein betre middag på laurdagen, som oftast mamma sin pizza (verdas beste) for det var det me ungane helst ville ha. Men sidan meg og Thomas stort sett er opptatt om laurdagen, har me fredagskveldane til dette istadan. Og me har stort sett taco, men idag vart det altså pizza, det smakte veldig godt, men ikkje så god som mamma sin, eg må spørje ho eindag kva eg gjer feil :)
Ellers kom me oss eintut på IKEA igår og fekk kjøpt oss ei billyhylle, sjølv om eg har skrive her før at eg ikkje ville ha fleire av dei. Men det får duge for no. Endeleg har me fått tømt alle eskene me har hatt i stua og det kjens kjempebra.
No skal me nyta det som er igjen av kvelden foran TVskjermen, i det store, fine, nydelege, vakre og varme huset vårt. (Takk gud for varmepumpa, eller, rettare sagt takk til mamma, pappa og Tor Olav, det hadde vore kjølig her utan den <3 )
|
CDane er endeleg på plass. |
|
Blomane som no har levd ein heil månad, klapp på skuldra :) |
|
Fortsatt ein del igjen, men det kjem seg. Litt koseleg er det jo og å leva i litt tilfeldige omstendighetar:P |
|
Den nye hylla, me hadde 1,5 billyhyller her før, no har me 2 heile. Så får me plass til alt. Eg må berre få rydda litt i hyllene no, så er me der, igår kasta eg berre ting inn så eg kunne leggja meg, hehe :P |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar