tirsdag 14. februar 2012

KORPSTIRSDAG

Idag har eg vore på øving med Larmonien, for fyrste gong i år . DET var kjekt det, håpar verkeleg at eg slepp å fortsetja med tysdagsvakter på Rema 1000, det passar bare så dårleg. Menmen, eg må ta det eg får :)

Ellers er det jo den store Valentinsdagen idag, utan at den vart feira noko vidare her i huset. Men ein liten bukett med roser måtte eg berre kjøpa då eg var på Laksevåg Senter før idag, hehe, det synes eg mannen hadde fortent.

Sånn på husfronten har det skjedd svært lite den siste veka. Det er eit lite stopp i kjellararbeidet medan me ventar på at røyrleggjaren vår skal komma seg heim ifrå Nordsjøen. Men imorgon er han på plass og kan laga klart røyr og diverse til kjøkkenet før snekrane kan gjer ferdig den delen. I tillegg fekk me veta at malaren og kjem imorgon, så då kan det jo hende det kan bli litt maling på oss i helga. Det blir bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar