Å, folkens! Det er helg, endeleg. Dagen på jobb gjekk SÅ seint idag, eg greide nesten ikkje å halda den ut. Då den omsider vart ferdig kjørte eg direkte til Laksevåg senter, me trengte nye rullar til å mala med, mat til heile helga, og så vart det med heim to bukettar med tulipanar og.
Me hadde alle slags planar for kva me skulle gjera i huset idag, men då me kom heim frå jobb måtte me berre kvila litt middag (riktignok FØR middag) og no orkar me ikkje gjera nokonting. Det er så typisk oss to på ein fredagskveld. Me får heller stå opp litt ekstra tidleg imorgon. :)
Her er det heimalaga pizza på menyen ikveld, og masse god NRK underhaldning.
|
Gler meg mildt sagt til dette er på plass der det høyrer heime :) |
|
Glad i blomar. |
|
Og Cider <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar