Igår fekk me henta alle kvitevarene til kjellaren, det gjekk overraskande greit. Eg var litt skeptisk til korleis det skulle gå å bera vaskemaskina for klede fra bilen og ned i boden, men me greide det utan problem, heldigvis. Så no står det både kjøleskap, oppvaskmaskin, vaskemaskin og komfyr i boden, klar for å komma seg inn der det høyrer heime, me må berre stå på.
Ellers er malaren vår ferdig med å sparkle, så no er det klart for maling. Eg tenkte jo eigentlig eg skulle byrje litt igår, men det vart ikkje noko av. Så no skal me berre hiva i oss litt frukost så er det ned for å pusse, i ettermiddag kjem det nokre snille folk for å hjelpe å male, så det går nok unna. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar