Gjett om me jobba igår. Me byrja klokka elleve med å pusse på veggar og tak, eg har ikkje tatt i eit sandpapir sidan ungdomskulen, men det gjekk greit :) Mykje pussestøv då, men me hadde heldigvis på oss masker. Då me var ferdige å pusse, brukte eg ikkje mindre enn FIRE støvsugerposar på å få alt støvet vekk. Me var vel ferdige sånn i to tida, då tok me turen bort på senteret for å handla litt mat og så tok me oss ein god lunsjpause når me kom heim. Thomas seier det viktigaste når ein jobbar er å få i seg nok mat, hehe.
I halvfire tida gjekk me ned å byrja på malinga. Me la ut plastikk på golvet (sjølv om det strengt tatt ikkje var nødvendig) og satte igong. Då me var ferdige med det fyrste rommet kom Marith og Jørgen for å hjelpa oss med resten. Eg ska sei det gjekk unna når me var fire stykker på dei to romma, så då fekk me tatt to strøk på begge soveromma, og det vart skikkelig fint. Me skal prøve å få tatt eit lite strøk til idag, i tillegg til at me skal hente litt meir gipsplater til snekrane.
Så her får me berre hiva oss rundt, gos sundag til alle :)
|
Hardt arbeid! |
|
Malinga er igong. |
|
Ein nøgd gjeng etter endt arbeidøkt :D Tusen takk for hjelpa!!! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar