Er ikkje berre negativt heller, for det er faktisk ganske kjekt når lønna kjem. Denne månaden har eg jobba ekstra mykje, og har faktisk litt pengar til overs (likar eg iallfall og tru), så eg har bestemt meg for å unne meg litt nye klede idag. Eg har eit supert rabattkort som gir meg 30% avslag på mange gode butikkar i Bergen, dette tenkte eg å benytte meg av idag, så det blir forhåpentlegvis ikkje så dyrt :)
Sånn ellers går malaren vår og trør i kjellaren, imorgon er han ferdig, og då er det klart til at me kan bruke helga på å male. Eg håpar kanskje me kan pussa imorgon kveld, slik at me får mala to strøk på laurdag og samtidig rekke festen me skal på. Greit å ikkje ha for mykje hengande over seg dagen derpå, hehe. Det går nok fint uansett då. På mandag kjem elektrikaren her for å ordna med stikkontaktar og sånn, så kjem snekkaren igjen på tysdag for å byrje på golvet. Eg veit faktisk ikkje eingong ka farge golvet skal vera, så det blir ganske spanande for meg. Heldigvis stolar eg på Thomas sin smak, og me har jo vore einige på det aller meste så langt.
Då tek eg eintur til byen. Fin torsdag til alle. Det nærmar seg HELG <3 (Living for the weekends)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar