Idag har me jammen vore på IKEA, igjen. Men det er jo så kjekt :D Fyrst tok me eintur på Expert å handla inn kvitevarer til leilegheita. Thomas var der i forrige veke å fekk hjelp til å plukke ut det me skulle ha, så det var eigentleg berre til å kjøpa varene idag, så hentar me dei i neste veke. Deretter tok me turen på IKEA for å gjera ferdig kjøkkenet me byrja på.
Sidan sist har me jo bestemt oss for å flytte varmtvatnsberedaren, så der måtte me setja inn eit høgskap, pluss at me hadde med oss litt meir nøyaktige mål idag, slik at det vart heilt riktig. Så endte me opp med å berre kjøpa det og, sidan me var så godt igong, og tok det like så greit med oss heim. Så då tenkjer eg det blir litt kjøkkenmontering i helga.
Imorgon kjem det elektrikar her, for å ENDELEG fikse leidninga til varmepumpa, som fortsatt (!) går inn vindauga på badet i kjellaren (der me dusjar) så det må stå ope. Det er mildt sagt kaldt. Ja, takk til plussgrader på badet igjen :D
|
Latar som han er lei. |
|
Men eigentleg kosar han seg på IKEA :D |
|
Flink "kartlesar" |
|
FERDIG å plukke kjøkkendelar :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar