mandag 6. februar 2012

PEISKOS

Ny veke, med mykje artig på planen. Idag har Thomas mellom anna hatt besøk av ein pipemann. Peisen her har ikkje vore i bruk på mange år, så me turde ikkje å prøva den ut før me hadde hatt nokon her til å sjå på den fyrst. Men han sa bare kjør på, så idag har me testa, det var heilt sjukt koseleg. Me har heller ikkje pipehatt, så det vil me få oss, likar ikkje heilt tanken på at det regnar ned i pipa, utan at eg veit så mykje om det. Den har jo stått utan pipehatt i snart 100 år, så ett par år til hadde sikkert ikkje gjort så mykje, men, det er greit med det som er gjort.

Ein anna artig oppdaging me har gjort er at det eine nabohuset vårt, byggja i 1926, er av AKKURAT same type som vårt. Dei var opprinneleg heilt kliss like. Det hadde eg aldri gjetta, for eg synes vårt er så mykje finare. Men når han sa det var det nett så eg kunne sjå det med ein gong.

Imorgon er det jobbing både her og der, så då er det ikkje sikkert eg får tida til å blogge. Men eg skal sjå kva eg får til :)
Sjekk så stilig, dette vart tatt igår.
Flott "ved" Thomas hadde funne :P
Vinteridyll ute...
...Peiskos inne <3

3 kommentarer:

  1. Dette ser veldig koselig ut, kjekt at peisen virket uten for mye styr. Dere har virkelig fått det koselig i den nye heimen deres + alt arbeidet som er gjort i kjelleren. FANTASTISK :) Det er godt at dere er unge og " spreke "

    SvarSlett
  2. Ja hun er ung og jeg er sprek? haha :)

    Vi er såvidt kommet igang med alt som skal gjøres, men kjekt at det går litt unna nå i starten ja :) Jeg hadde litt dårlig ved så ble ikke fyr så lenge, men skal få tak i noe godt tørket ved så blir det nok enda kjekkere neste gang vi fyrer opp. Dere må snart komme på kaffe og kjellerinspeksjon :)

    Thomas

    SvarSlett
    Svar
    1. Det skal vi vet du, vi er spente på hvordan det er blitt hos dere. Det er litt vanskelig å se det for seg, selv om vi har utgangspunktet på minnet... Det blir nok flott tenker jeg..

      Slett