fredag 30. desember 2011

DET NÆRMAR SEG

Ja, det nærmar seg jo litt meir for kvar dag som går no. Ikveld har eg solgt fyrverkeri på Rema 1000, og det same skal eg gjer frå sju til fire imorgon, kjekt med litt andre oppgåver enn berre dei vanlege innimellom :) Så er me invitert på middag til nokre vener imorgonkveld, på sjølvaste nyttårsafta, det gler eg meg til. Har allereie handla inn champagne og stjerneskudd pluss at kjolen heng klar i skåpet. 

På sundag har eg ikkje noko særleg planar, det vert den siste kviledagen vår på ei stund så me tenkjer og ta det heilt med ro igrunn. Lade opp. Neste veke blir rimelig hekstisk tippar eg, mykje att og fram mellom leilegheita og HUSEEEET!!!!!!!!!! huset. Det er jo rart å tenke på at neste veke er den siste veka me bur her, for me er jo faktisk utruleg glade i heile denne plassen, både leilegheita, naboar og nærområdet. Så sundag blir liksom den siste dagen me bare kan vera her, kosa oss og slappa av, så den skal me nyte.


Legg ved eit par bilete av den nydeleg, fine leilegheita vår. Me fiksa den jo så fint opp før visninga, skulle ønska me hadde gjort det for lenge sidan. Samtidig er det jo litt merkeleg å bu her med bare ca 40% av dei personlege eigedelane våre då. Ingen bøker, filmar, nintendoar eller andre dupedittar, berre det mest nødvendige er igjen. Tenk så mykje unødvendig ein eigentleg har? Det har me faktisk tenkt litt på den siste tida. Alt det me kjøper og samlar opp av ting og tang, som me eigentleg ikkje brukar. Det står liksom berre her. Og no har me eit heilt hus å fylla opp. Best å tenkja over kva ein kjøper, og huske å kaste ting undervegs, note to self!

Cathrine

EIGEDOMEN

Eg trur ikkje eg har vist dykk eigedomen enda. Det er ei ganske lita tomt, men det er med på mange måtar litt glad for og. Mindre å halda i stand :)

Her er eit utdrag frå kartet, rett under der det står Kringsjåvegen er det ein svart firkant med eit 10-tal inni, det er jaggu tomta vår, kor sprøtt er ikkje det? :)

Og her, det huset som har nr 10 inni seg.
Den er altså ikkje stor, berre 258 kvadratmeter. Men det held i massevis for oss :D

Cathrine

torsdag 29. desember 2011

EIT HUS IFRÅ 1929

Idag har me sitte å sett gjennom boligpermen til det nye huset. Det kjekke med å kjøpe eit litt eldre hus, er jo at det har sin historie. Opprinneleg var det faktisk tre boenheitar, ein i kvar etasje.



Det er kanskje ikkje så enkelt å sjå her då, men dette er dei første teikningane av huset, og slik var altså planløysinga opprinneleg. Planløysing i hovudetasjen var ganske lik som det den er idag, berre at spisestuedelen var soverom, og det som var att av stua var delt inn i ei stue og ein "salon". Oppe var det litt annleis, bad og kjøkken på same plass som idag, det eine soverommet er likt, men der me har loftstue og eit lite soverom idag, var det altså stue og "salon" opprinneleg. Kjellaren var ein slags hybel, resten av kjellaren vart brukt som vedrom. Eg trur det var på 70-talet eingong at dei endra planløysinga til slik den er idag, og no skal me altså endre den litt me og.

Cathrine

onsdag 28. desember 2011

TIDA KAN..

                   Berre ikkje gå fort nok no. Det er berre FIRE heile dagar att til huset vert vårt. :D


                   Eg kan ikkje få sagt kor mykje eg gledar meg!!!!! :D


                  Cathrine

tirsdag 27. desember 2011

EIN SNIKTUR


Igår var eg og Thomas eintur oppom å sneik litt på utsida
av huset vårt. Me visste at dei me overtek etter ikkje var
heime, så me greidde ikkje å dy oss.

Me gjekk å kikka litt rundt i gata også, og me kom fram til
at vårt hus nok er det finaste i gata vår (høhø). Og enda finare
skal det jammen meg bli. Me har jo eindel arbeid inne,
men det er jaggu eindel arbeid ute også. Me må få fiksa litt
der bilane skal stå, der er det ganske ymse akkurat no, kanskje
eg legg ut eit par bilete om det imorgon. Me har også tenkt
til på sikt å få fjerna dei hellene som ligg utanfor no, å
leggje fin stein der istadanfor. Det er og eindel å gjera med beplantninga, der er det rimeleg overgrodd no, kjenner eg
berre har lyst å røske ut alt sammen og starte på nytt.
Kjenner eg meg sjølv rett, så er det nok slik det blir, eit
fint prosjekt til sumaren :)

Det trengs littegrann gartnerarbeid ja.

Velkommen til Nygjerdet 10.

mandag 26. desember 2011

BO BEDRE

Til jul fekk eg og Thomas nokre boligmagasin. Heilt topp gåve, spør du meg. Så idag, andre juledag, siste fridagen i jula, sit eg her og draumer meg bort i desse blada. Det eine magasinet var Bo Bedre, her er det så mykje fint, mykje tips og gode løysinger.

Bo Bedre, utgåve frå februar 2011

Flott vegg med bilete, og morsom løysing med bokhylle.

Brutalistisk stil med betongveggar. Nydeleg bokhylle.
Både meg og Thomas er glade i å lese bøker. Me gler oss begge til å få skikkelege bokhyller noko anna enn billyhyller fra IKEA. Me har snakka om slike som går heilt i taket, som på det nedste biletet, men me har ikkje funne heilt ut kor dei skal stå enda. Det mest naturlege er jo å ha dei ståande i stua, men eg er ikkje heilt sikker på om eg vil det. Ein anna moglegheit kan vera å setja dei oppe, i gangen mellom alle romma, det trur eg kunne vore vel så koseleg. Me får vel berre prøva oss fram :)

Fortsatt god romjul til alle!

Cathrine

søndag 25. desember 2011

EI VEKE ATT

Å herregud! Tenk at det berre er ei veke att, sju dagar. Desse dagane kjem til å gå kjempefort, det er eg sikker på, eg skal prøva å jobba mykje. I tillegg til at eg skal prøve å få jobba tre vakter hos Rema Wergeland, tenkte eg å jobba inn ein halv dag hos Bergen Energi, slik at eg slepp å gå tilbake på jobb den dagen me overtek det hadde nok ikkje vore spesielt effektivt.

Thomas skal ha varetelling med jobben sin den dagen, så han må nok rett tilbake å telle, og eg står att aleine i huset. Håpar det kjem nokon som vil sjå og halde meg med selskap, for eg trur nemlig ikkje eg kjem til å komme meg derifrå. 

Så vert det ei travel veke etter det, då skal me flytta. Me satsar på å greie å ta nokon lass sjølve på kveldane den fyrste veka, men det kjem litt an på korleis me begge skal jobbe. Den offisielle flyttedagen er 8 Januar, ein sundag, så får me håpe han der oppe kan tilgi oss for at me ikkje held kviledagen heilag akkurat denne dagen for me skal nok få tatt det igjen. Heldigvis har me ikkje avskrekkande mykje ting, men eindel er det, sånn blir det jo alltid. Eg synes sjølv det er godt å tenkje på at nesten alt allereie er pakka i esker og står i ein bod klar til flytting, det måtte me jo ordne før visning her i leilegheita. Det er godt med det som er gjort, som det heiter :)



Ein liten "sneakpeak" på korleis stua ser ut. For dei som ikkje allereie har sett bileta fra finn.no sjølvsagt, det er dei bileta eg brukar for no. Men om berre ei veke skal eg byrje å ta bilete sjølv, då blir det mykje spanande her inne tenkjer eg.

Cathrine

1. JULEDAG

God morgon! Då var julafta over for denne gong, eg fekk så himla mykje fint, eg har nesten ikkje ord. Min familie kan jo det med å ta av på julafta, ingen tvil om det :)

Me hadde ein kjempeflott dag og kveld igår, fekk med alt det me plar gjera og det kjens godt. Det er viktig å besøka onkelen min som har bursdag, gå i kyrkja for så og deretter besøka mine besteforeldre på grava, det er alltid så fint tykjer eg. Så bar det heim for å byrje på middagen, pinnekjøt står på menyen her i huset og i år, for fyrste gong, så åt faktisk fire av fem stykk den same retten. Idag vert det restar.

Me fekk jo så himla mykje fint til huset og, nokre små og nokre litt større ting. Både frokostglass, eit kjempeflott skilt, vaffeljern, ein liten miksmaster, tidenes BESTE pledd osb. Thomas har slått på stortromma i år, og har kjøpt ei lysekrone til spisestua vår. For-ein-mann seier eg berre. Den var nydeleg. Me har jo sett på nokre lysekroner no i det siste, og snakka litt om at det kunne vore fint, men så hadde han altså kjøpt ei og :)

Den største gaven i år, var uten tvil ei varmepumpe, tenk at me fekk det. Det er ein jule-/innflyttingsgåve frå min familie. Me skal iallefall ikkje fryse når me kjem i nytt hus, det skal vera sikkert. Det er så mange som har sagt til meg at det må vera det fyrste me gjer, kjøpa oss ei varmepumpe. Men me har jo så mykje anna me skal til med, så me hadde i utgongspunktet tenkt til å berre fryse litt denne fyrste vinteren, for så å kjøpe ei varmepumpe neste sesong. Så eg kan ikkje få sagt det nok, tusen, tusen, tusen takk til den galne familien min, dette trengte me verkeleg!

Legg ved eit bilete av den nydelege lysekrona fra Thomas :)

Ellers håpar eg at de også har hatt ei flott jul. Og at resten av romjula blir minst like fin. For vår del er det rett tilbake på jobb på tirsdag, så me reiser tilbake til Bergen ikveld.

Cathrine

torsdag 22. desember 2011

JUL

Ja, no er det snart jul. Dette året har gått så fort, og det har verkeleg vore eit av dei betre, ingen tvil om det. Høgdepunkta er jo sjølvklart huskjøp og frieri, og det var berre no i løpet av den siste månaden. Godt år.

Tykjer det er rart å tenke på at me kanskje feirar jul i eigen heim neste år, til no har eg aldri feira jul utan familien min, og det er monge år sidan me har vore nokon anna plass enn heime. Men eingong må jo vera den første sjølv om eg kryssar fingrar for at dei vil kome til Bergen å feire med oss, og det er vel på tida at me får litt eigne tradisjonar etterkvart.

Ellers er det herlig å vera heima nokre dagar i forkant av julafta, det er fyrste gong på nokre år for min del. Får liksom tid til å vera med på førjulsforbereiingar og alt, så imorgon skal eg, bror min og mamma trilla marsipankular FØR klokka er elleve på kvelden, og eg skal for eingongskuld hjelpa mamma med dessertane til laurdag (me plar nemleg å ha fem ulike, ein til kvar og ein felles som alle likar).  Så er det berre å gleda seg til sjølve dagen, julafta, då kjem Thomas og til Stord og feiringa kan starte :)

Cathrine

onsdag 21. desember 2011

PÅ BESØK I HUSET...

Idag var eg altså på visitt i huset, gjett om det var kjekt. Thomas skulle og egentlig vera med, men han var ikkje i slaget idag, så eg tok turen aleine. Var litt nervøs på førehand, tenk om eg angra meg når eg såg det på nytt? Gjorde jo heldigvis ikkje det då :)

Dei som me har kjøpt huset av er veldig hyggelige, så dei viste meg gladeleg rundt i over ein time og fortalde meg små og store historiar frå alt og ingenting undervegs. Det kjekkaste eg fekk veta var at sola skin mykje meir enn me trudde, den skal visst vera der frå omlag halv seks om morgonen til vel halv elleve om kvelden på sumarstid, DET lika me! 

Ellers fekk eg målt opp det eg skulle og spurt om dei tinga eg lurte på, og om det var mulig, så gler eg meg endo meir no enn før til overtakelsen. Men først skal me feire jul, no er eg heime i stua hos mamma og pappa på Stord og gler meg til nokon dagar med avslapping og venninner før Thomas kjem på laurdag. Då blir det pinnekjøtt, julemusikk og gaveopning, før me vender nasa mot Bergen att på søndag.

Eg fekk ikkje tatt nokon bilete idag, så eg får vel legga ved eit av bileta frå finnannonsen :)


Sjå kor fiiiiiiint :D

tirsdag 20. desember 2011

SOVEROM...

Å, tenk, endeleg skal eg få eit soverom som ikkje er blått (sorry Thomas). Eg har ikkje tenkt så mykje på korleis soverommet vårt skal bli enda, men eit par idèar har ein jo. Det er jo lov å draume litt. Då me skulle ordne til visning her i leilegheita, så var det nokre ein ting eg ikkje var særs nøgd med, nemleg soverommet. Det skulle visa seg vanskjeleg å finne noko som kunne matche dei blå veggane me har der inne, så det eg iallfall VEIT er at veggane skal vera kvite, det enkle er faktisk ofte det beste, som det heiter seg i reklamen.

Eg har veldig lyst på ein sengegavl, det gjer så mykje med heile rommet tykjer eg, ein fin gavl, som det kan vera litt behageleg å lene ryggen imot når ein les. Eg ser og for meg at me skal ha eit nydeleg, fint sengeteppe og mange store puter i lyse/brune tonar. Tenk så fint det blir.

Det er jo eit gamalt hus, heilt ifrå 1929, så eg kjenner litt på at det er viktig å bevare sjela i huset, på ein måte. Så eg ser for meg ein litt romantisk og landleg stil (håpar Thomas er einig:P). Mykje lyse tonar og særpreg. 

Kanskje litt som noko av dette?






















Bilete øvst til venstre er det eg tykjer er absolutt finast.





















Ingen tvil om at det eg ser mest fram til er innreiinga av huset, men det er LENGE til me skal byrje på soveromma enda, først skal me jo ta kjellaren, deretter får me sjå kva som skjer med andre etasjen utifrå kva budsjettet vårt tilseier (me skal jo som eg tidligare har nemnt lage eit heilt nytt bad oppe, samt så har me tenkt litt på å isolere på nytt i veggane og kanskje endre litt på planløysinga).

Cathrine

mandag 19. desember 2011

TO VEKER ATT...

Tenk at det no berre er to veker att. Det er litt over fire veker sida me kjøpte huset, og eg hugsar at eg tenkte at tida kom til å gå så seint fram mot overtakinga. Men tida har faktisk gått ganske fort, det har vore hektisk, mykje å gjera med salg av leilegheita, mykje jobbing og monge julebord.

På onsdag ser det ut som me skal ut ein tur å sjå på huset, det blir spanande. På ein måte kunne eg gjerne tenkt meg å spart det til overtakinga, men på ei anna side så greier eg ikkje å vente. Eg trur dei har tømt huset no, det vert rart å sjå det utan møblar, det ser sikkert ein del annleis ut enn eg hugsar. Men det skal jo vera sagt at eg er inne på den gamle finnannonsen fleire gongar om dagen å blar meg gjennom bileta der.


Her er eit bilete av spisestua vår. Litt rare rokokkoinspirerte møblar der for augneblinken, men dei skal byttast ut med fine nye spisestuemøblar. Før visninga på leilegheita var me ute på IKEA å kjøpte oss eit lite spisebord, og etter det har me ete så og seie alle måltida våre her. Det er så utruleg koseleg. Kvar gong me sit med frokostbordet hos svigers tenkjer me på kor mykje me gler oss til å ha vårt eige spisebord, ein koseleg plass der ein kan spise lang frukost i helgene saman med avisa, invitera venner over på middag, eller rett og slett romantisk middag for to. Og no er det jammen ikkje lenge til. Berre to veker.

Cathrine

søndag 18. desember 2011

PLAN FOR KJELLAREN


Her er ei planskisse over kjellaren i huset. Det er som sagt denne etasjen me skal byrje på med eingong. Me håpar me kan leige den ut frå 1. mars, jo fortare jo betre.

Planen vår er å rive veggen mellom dei to minste soveromma slik at det blir to omlag like store soverom. Me skal også rive veggen der det er vaskerom no, slik at me får ei open løysing der det skal vera kjøkken og evt ein liten sofakrok om det lar seg gjera. Me ser for oss at kjøkkenet blir langs den ytre veggen på vaskerommet, her skal me mellom anna ha oppvaskemaskin komfyr og kjøleskap, samt sjølve kjøkkeninnredninga.

På badet skal me ta ut badekaret, kanskje me skal ta det opp å bruke det på vårt bad? Me veit ikkje endo. Men der badekaret står idag skal det hvertfall vera ein vaskemaskin for klede. Det er og mulig me sett på nye dører på baderomsskapa, dei som er der idag er heilt forferdelege. Men ellers får badet stå som det står, til tross for litt grelle fargar :)

Me lurte litt på kva me skulle gjera med trappa, skal me ta den vekk, eller skal me la den stå? Me kom tilslutt fram til å la ho stå, det kan vera greit å ha muligheten til å "ta tilbake" kjellaren på sikt, dersom det skulle verta ønskjeleg. Så får me håpa at leigetakarane våre synes det kan vera litt sjarmerande med ei trapp der.

Det skal bli lagt nytt golv i heile etasjen, me har funne oss ein kjempefin parkett som dei sel hos Adolf Jahnsen, samt så skal me måle alle veggar og kanskje tak. Så me vonar det skal bli ein veldig flott leilegheit for to studentar. Kva trur de me kan ta for ein sånn leilegheit???

Cathrine

PS. Det kjem sjøvsagt mykje bilete undervegs, når me berre kjem igong :D

lørdag 17. desember 2011

KJØKKEN/BAD






Ja, her er altså eit bilete av eit gamalt kjøkken i andre etasje. Her har det tidligare vore ein slags utleigedel, men me vil jo helst bu her sjølv, å leiga ut i kjellaren. Det er i kjellaren hovudbadet ligg, så dette vil jo då naturlegvis vert leigt ut saman med resten der nere. Einaste problemet då er at me står uten....

Så planen vår er å gjere dette gamle kjøkkenet om til eit heilt nydeleg, nytt og stort bad. Kva det kjem til å koste tør eg ikkje eingong å tenkje på enda. Men mellombels vert me altså nødt til å bruke det badet som høyrer til denne etasjen, som er av same standard som dette kjøkkenet, som eg faktisk ikkje eingong har sett. Det finnes ikkje bilete av det i prospeket, på visning gjekk eg ikkje inn på hverken badet eller kjøkkenet i andre etasje, for eg trudde ikkje me seriøst kom til å kjøpe huset. Men Thomas har sett det, og han meiner me skal klare det ei stund, så det kjem nok til å gå fint :)

Cathrine





torsdag 15. desember 2011

VALGETS KVALER

Me har himla mykje me skal fikse i samband med det nye huset, både små og store ting. Nokre av tinga må rett og slett vente til me har overteke, men ein av dei tinga me kan fikse på førehand er til dømes å bestilla internett og tvpakke. Dette skulle dog visa seg å vera vanskeligare enn ein skulle tru.

Etter å ha grubla i nokre veker dagar, fekk me idag endeleg fingeren ut. Det er jo alltid nokon som har hatt ein dårleg erfaring med alle leverandørar, så me valgte, på tross av ein del dårlege erfaringar både av oss sjølve og av andre, Nextgentel. Der har me ein kontakt å tenkte difor at me muligens kunne korte ned ventetida litt, men då det viser seg at det ikkje kan leverast verken fibernett eller VDSL (supernett) så vil det ikkje svare seg for oss å ha tvpakke frå dei. Då er det berre å begynne om att.

Eg ringer Canaldigital då. Der kom eg i kontakt med ei som snakka skikkeleg bredt svensk og som i tillegg var heilt ny i jobben, så der satt ho i den eine enden og stotra, medan eg satt i andre enden og skjønte ingenting. Men me kom fram til det at dei skulle få adressa vår, slik kunne dei sjekke kva som er best i forhold til kva linjer som går inn mot huset vårt, og ringe meg oppatt imorgon. Så får me sjå då, kva tilbod dei har :)

Me skal jo ha tvpakke både oppe og nede pluss ein internett som kan takle oss pluss leietakarar, så me er jo litt avhenging av å få litt kvalitet på greiene. Dersom nokon har gode tips til kva ein bør eller ikkje bør velja, legg gjerne igjen ein kommentar.

Kanskje dette blir mitt nye "blogghjørne" - tida kan berre ikkje gå fort nok no!!!!

PS. Thomas har ringt dei me kjøpte huset av idag, og me skal få lov å komma på besøk ein kveld i neste veke, EG GLER MEG SÅNN:D

Jobb - jobb...

Litt gamalt bilete, nye åpningstider er: man-fre 0700-2300 lør 08-21 :)
Det er litt travelt for tida. Etter at me kjøpte huset har eg tatt på meg ein ekstrajobb, bare midlertidig altså! Så no jobbar eg på Bergen Energi om dagen, og på Rema 1000 Wergeland to kveldar veka ca, og foreløbig så har det gått ganske greit.

Det var ein av avtalane me gjorde med banken, at hvertfall inntil me får leigetakarar i kjellaren, så må inntekta mi auke litt. Då tenkte eg at det enklaste var å ringe gamlesjefen min, han plar vera grei med slikt, og det var han jo :) Målet mitt er som sagt å klare to vakter i veka, men no før jul har eg ikkje hatt anledning til å jobbe nåken helger, så då må altså desse to vaktene lande mellom mandag og torsdag. Dersom eg synes at vekene fylte seg fort opp før, så gjer dei det hvertfall no. Med korpset på tirsdagen og to vakter fordelt på man/ons/tors er det jaggu ikkje mykje tid igjen til vener eller hobbyar eller avslapping, men det får berre gå, for det blir SO verdt det når eg sit i det nye huset, det er eg sikker på!

Cathrine

tirsdag 13. desember 2011

Venting....

Dersom det skulle vera noko som er negativt med huskjøp, så må det vel vera all ventinga. Idag er det akkurat tre veker til me overtek huset, sjølv om tre veker ikkje er så lenge, så kjens det som ein EVIGHET. Iløpet av desse tre vekene skal eg jobbe hvertfall 6 doble vakter, ha siste øvelse før jul med Larmonien, gå på konsert, julebord med jobben, feire mormor sin bursdag, handle resten av julegåvene, feire jul, pakke ned leiligheten, feire nyttår, ha varetelling med Rema (reknar eg med). SÅ kjem dagen der me skal få huset vårt. Korleis skal eg klare å vente?

Eg håpar me kan få lov å ta ein tur til huset for å kikke ein dag denne veka, eg er så SPENT.

Men sett frå den andre sida så er det vel greit at ein har litt å gjera på mens ein ventar. Tida kjem nok til å gå kjempefort.... :)

Kjøkkenet som snaaaart skal bli mitt (Tenk det!)

søndag 11. desember 2011

Utsikt

I den leiligheten me bur i no, har me ein heilt fantastisk utsikt. Me bur i 10. etasje i ei blokk heilt ved sjøen og ser over mot Askøy. Sola skin heile kvelden her, så om sommaren er det heilt nydeleg å liggje ute på terrassen i solseng med ei bok og ett glas med noko godt i.






















Så høgt oppe at me somme tider er over skydekket
Ved solnedgong


















 I det nye huset som ligg på Laksevåg er det litt annleis, der skin vel sola om morgonen tenkjer eg. Laksevåg ligg jo på det som i Bergen vert kalla "skuggesida", fordi sola går ned på baksida. Men utsikten er slett ikkje verst her heller, me ser fortsatt havet, men istadenfor Askøy, er det no Nordnes me skal få kvila augene på. I tillegg til dette kan me no sjå to av mine favorittfjell fra ståvevindauga, slett ikkje verst det heller. 


Og her ser me Ulriken
Dette er utsikten mot Nordnes og Fløyen

















Eg tenkjer nok me skal få det minst like fint med den nye utsikten vår som me har hatt me den gamle, for det er ikkje noko tvil om at utsikt har litt å bety. Me merka det då me flytta frå dei tronge sentrumsleilighetane våre og ut her på Lønborg, ein får ein litt anna ro over seg.

Cathrine

lørdag 10. desember 2011

Inspirasjon...

Noko av det som eg gleda meg mest til med det nye huset er å innrede det. Tenk så kjekt, dette er fyrste gongen eg flyttar inn i ein heim som er min (les:vår), som eg eig, som eg kan innrede akkurat slik eg sjølv ønskjer, ein plass eg har tenkt å bu i mange år. Me er ganske enige på korleis ståva vår skal bli, og Thomas har gitt meg litt fritt spelerom der, for han ser jo kor ivrig eg er.




Sjølv om eg lengtar etter ny sofa så blir det nok til at me fortsett med dei møblane me har inntil vidare. Det er så himla mykje anna me må prioritera i byrjinga med tanke på oppussing og bad.  Eg skulle på monge måtar ønskja at eg kunne ansette ein interiørarkitekt som kunne hjelpa meg litt, for innredning er virkeleg ikkje noko eg er god på. Men planen min er å kikke mykje på nettet og i interiørmagasin dei neste tre vekene, slik at eg kan prøve å kopiere etter beste evne. Eg har så innmari lyst at ståva mi skal bli ein plass folk har lyst å vera, slik at vennane våre kjem på besøk til oss heile tida (Jippiiii).

Cathrine

fredag 9. desember 2011

Bankmøte!

Ja, då var me heime igjen fra Sørlandet. Det var ein nydelig tur, sett vekk ifrå flyturane då som var noko turbulente, det er godt eg ikkje har tenkt meg noko plass på ei stund for ås ei det slik. Men det var veldig koselig å treffe familien igjen, og møtet med banken gjekk bra.

Me stilte som avtalt opp i Lillesand Sparebank kl 10.00 idag tidleg og vår kontakt møtte oss med godt humør, sørlendingar er så trivelege, det tenkjer eg kvar gong eg er der. Me fekk snakka litt om korleis me ser for oss at lånet skal bli, litt om renter, forsikringar og avdrag. Ho meinte også at det var viktig for oss å få det på papir at me skal arva einannan, sidan me ikkje er gift (enda), så me får vel prøva å skriva ein sambuarkontrakt samt få knytta livsforsikringane våre saman. Me har også oppretta ein felles konto, sikkert ikkje så uvanleg når ein kjøper hus saman, men eg tykjer jo det er superromantisk (Thomas bare ler av meg).

Så, den forløbige planen vår når me overtek huset blir då å prøve og rive, kaste og klargjer så mykje som mogleg i kjellaren dei første vekene i Januar, før me får folk inn til å gjer det me ikkje klarar sjølv (nesten alt) mot slutten av månaden. Det er jo viktig å prøve og vera med litt på prosjektet sjølve også, og ikkje berre la andre gjer alt for oss :)


Legg ved eit bilete av kjellaren slik at de kan sjå litt kva me skal ta tak i.

torsdag 8. desember 2011

Solgt! :)

Meg på Flesland!
Igår fekk me solgt leiligheten til Thomas!!! Det er me SÅ glade for. Me var ganske nervøse på førehand, då det kanskje ikkje er det beste markedet å selje i no rett før jul. Etter visningen meinte meklaren vår at det kom til å vera tre stykk i budrunden, og jammen hadde han heilt rett! Han meinte og han visste kven som kom til å toppe runden, og han hadde heilt rett i det også. Det var ei jente som studerer på NHH, så det er tydelig at rett "location" har hatt litt å sei for oss denne gongen, siden leiligheten ikkje ligg langt unna.

Det var ein rask og grei budrunde igrunn, ikkje så mykje venting og slik. Allereie halv elleve neste føremiddag hadde me fått dei to første buda, som kom omlag samtidig. Etter dette gjekk det vel ein time, så kom neste bud, det tok ikkje lange tida før det kom ett over og slik enda det. Me er veldig fornødde med salget, då me fekk over både prisantydning og takst. Sjølvsagt hadde me jo håpt at det skulle gå den vegen, men ein tør jo ikkje håpe på alt for mykje, det er ett merkeleg marked for tida.

Så no er det tid for å møta med min nye bank, Lillesand Sparebank. Me sit i skrivande stund å ventar på flyet vårt til Kristiansand og har ett møte med vår kontakt i banken imorgon. Her skal me avklara litt kva renter me skal ha på lånet, og ikkje minst, kor myke me kan få behalda fritt i oppussingspengar. I utgongspunktet så har me allereie ein laus avtale på det, men sidan me solgte for meir enn planlagt, så er det vel lov å håpe at me kanskje kan løyse ut litt meir? Morgondagen vil vise.

Cathrine

tirsdag 6. desember 2011

Visning!






























Ja, idag var det visning på gamle leiligheten vår i Helleveien! Den må me selga som ein del av pakken for å ha råd te nye huset som me ska inn i snart! No har me jammen jobba og stått på i nesten to veker for å få alt klart, me har mellom anna vore heile fire gonger på IKEA på ei veke, DET er mykje. Meklaren som me valde gav oss mange tips og råd om kva som kunne vera lurt å ordne før visning. Hovedtipset hans var rett og slett klisjèer, han meiner folk elskar klisjèer. Javel, då får litt bli nokre klisjèar då, tenkte me. Så idag var det grønne epler på spisebordet (som forøvrig også var kjøpt inn for anledningen), mikroen vart bytta ut med urteplanter og me tente så mange stearinlys me kunne! I tillegg til dette hadde me kjøpt ett nytt fint golvteppe til stua og tatt ut alt me kunne av unødvenige ting, slik at leiligheten såg rein og upersonlig ut.

Me hadde sett oss ut ein parkeringsplass oppe i svingen å forhand, slik at me kunne ha full oversikt over aktiviteten på visningen. Det byrja ganske bra, allerede klokka fem ringte det på døra, og me måtte bare springe ner i trappa på direkten. Me kom oss opp i svingen vår å fulgte spent med, det skjedde ikkje så mykje dei første tjue minuttane, men så løsna det og folk strømma på. Me hadde vel ca femten personer inne, og meklaren sa at seks stykk har skrive seg på lista, kor tre av dei visstnok er ganske så interresert. Det synes me lova bra for imåro! 

Så no gjeld det bare å smøra seg med tolmod å venta på morgondagen. Me feirer innsatsen med frossenpizza, øl og marsipan. Tjohei.

Cathrine

mandag 5. desember 2011

Me har kjøpt oss hus!















Siden me har kjøpt oss hus, tenkte me at det kunne vore kjekt å hatt ein blogg. Både slik at me sjølve kan sjå tilbake seinare, og for at familie og venner kan følgje litt med undervegs. 

Huset me har kjøpt ligg på Laksevåg i Bergen. Det har tre etasjer kor me har tenkt å bu i dei to øvste sjølv, og lage til ein utleigedel i kjellaren. Det første som skal prioriterast når me overtek, er utleigedelen - jo fortare den blir leigd ut, jo betre for oss. I hovudetasjen, som består av stue, spisestue og kjøkken, er det ikkje nødvendig å gjere noko enda då alt er av relativt god stand. I andre etasje derimot har me eit stort prosjekt foran oss, der skal me etter planen riva ut alle veggar, isolera på nytt samt lage ny planløysing og bad. I denne bloggen vil me gje dei som skulle ha interesse av det ein mulighet til å følgje med oss i prossessen. Budsjettet er stramt, men entusiasmen er stor!

Me skal etter planen overta huset vårt 2 Januar, altså om ca 4 veker. Gjett om me gler oss!

Cathrine