For ein herleg dag det har vore så langt. Våkna kl åtte, kom ned til nykokte egg og ein liten sjokolade. Han som skal rive muren vår kom halv ni så me stod like gjerne opp tidleg me då. Greit å få litt utav dagen. Eg satt lenge i sofaen og drøymde meg vekk i interiørmagasin medan eg såg nyhende på TVskjermen, akkurat slik det skal vera i helgene.
Thomas køyrde ut på jobben sin for å gjer klar ein del av materiala til mandag. Eg trur det første som skjer er at me skal byrje å sette opp gipsplatar på veggane slik at dei vert fine. Så det er dei han styrer med å få ut her no. Han er altså så flink, eg er heilt imponert over kva han får til, han står på frå morgon til kveld kvar einaste dag og styrer på med alt mogleg. Eg er heldig som har ein så engasjert mann, det er iallfall sikkert, og eg prøver å sei det til han minst ein gong om dagen :)
Medan han jobbar med det, så er eg her heime, har vore nede i kjellaren å klargjort den for visning. Ein må jo prøva å gjer det så koseleg som det går sjølv om det er ganske ribba der. Det er jo så himla mykje gipssøv og sånn over alt, så eg har støvsugd og vaska badet. Det hjalp litt om ikkje anna.
Eg kan berre ikkje få sagt nok kor heldig eg kjenner meg. Eg føler verkeleg det var meininga at me skulle kjøpe dette huset. Det er så vanvittig fint her, og me kosar oss sånn. Eg har snakka eindel til venninnene mine om at eg har vore så rastlaus dei siste åra, eg har liksom ikkje heilt greid å slappa av, men her er det heilt annleis. Eg har altså ein ro over meg som eg ikkje har kjent på LENGE. No høyres det jo nesten ut som eg ikkje har hatt det bra, men det har eg altså, har berre sakna litt denne roen, og det er så fint at den endeleg er tilbake.
No skal eg leggja meg på sofaen å lese ei bok den neste timen, så skal eg gjera meg klar for visnsing nede og jobb etter det. Imorgon er det overtaking av leilegheita i Helleveien klokka tolv, håpar det går bra! :)
|
Veit ikkje om eg skal gleda eller grua meg til å byrje på hagearbeidet når våren kjem :P |